Hallgrim Berg og fascismen
Den norske bloggaren som skriv under pseudonymet Fjordman illustrerer med ein av sine nylege artiklar at vegen ikkje med naudsyn er lang frå Hallgrim Berg til fascismen. Berg er ikkje fascist. Fjordman, den kanskje best kjende norske bloggaren utanlands, er det.
Hallgrim Berg si bok, «Amerikabrevet: Europa i fare» sel godt og har allereie vorte trykt i tre opplag. Tankar som dei han målber har tydeleg ein viss appell i Noreg anno 2006, som det også fort viser seg om ein surfar innom debattar på internett.
Lars Gule har fått mykje kritikk for at han samanliknar noko av Hallgrim Berg sin retorikk med eldre anti-semittiske skrifter, «ei førestilling om at jødane/muslimane forsøker å etablera kontroll gjennom [ein] konspirasjon, på grunn av sin 'natur'». Berg hevdar sjølv å ikkje seia noko negativt om muslimane som gruppe, seinast i «Gule og antisemittismen» 13. mars. Likevel snakkar han om «den muslimske faren» og han spør kven som har skrive skarpast om denne dei siste åra? Sjølv peiker Berg på blant anna Gisele Littman.
Der har sjølvsagt Berg heilt rett. Littman, som er mest kjend under pseudonymet Bat Ye'or, har skrive skarpt om «den muslimske faren» dei siste åra. Men skarpt tyder ikkje det same som skarpsindig.
I si mest kjende bok «Eurabia: The Euro-Arab Axis» jaktar ho gjennom samandrag møter og les politiske talar, medan ho leitar ivrig etter teikn på den europeiske underkastinga for islam, eller snarare: på ein konspirasjon som involverer alle frå professorar i litteratur til sjølvaste Vatikanet. Eit illustrerande døme på Littman si «skarpe» tenking er korleis ho les ei tale av Prodi. I tala kritiserer Prodi eurosentrisme, og han lover både politisk og finansiell støtte til arabiske land, han påpeiker også at «[europearar] har lært at tryggleik ikkje kjem med høgare murar og farlegare våpen, men med sterkare, meir stabile forhold [til andre land], basert på fred og framgang».
- I Europa, seier Prodi, har me snudd ryggen til politisk ekstremisme.
Hjå Bat Ye'or er denne tala ikkje anna enn eit uttrykk for underkasting ovanfor islam, og dessutan ei fornærming av USA og Israel. Då Prodi kritiserer eurosentrisme, går Bat Ye'or til åtak: «han nemner ikkje noko om arabosentrisme ikkje skal utelukkast». Underforstått: Prodi underkaster seg arabisk dominanse. Mykje av talen til den italienske politikaren har imidlertid vorte kutta vekk av Littman, blant anna der han gjer klart kor viktig det er med ein universell aksept av verdiane «den europeiske integreringsprosessen» er bygd på: menneskerettar, kvinner si rolle i samfunnet, osv. Heller enn eit døme på europeisk underkasting er Prodi si tale eit døme på korleis europeiske politikarar forsøker å spreia sosial-liberale idear og verdiar utover sitt eige kontinent.
Det spelar lita rolle for mange av Littman sine lesarar. Gjennom hennar klipping i Prodi si tale har dei fått underbygd sitt verdsbilete, eit verdsbilete blant anna Oriana Fallaci også har forfekta, og eit verdsbilete Hallgrim Berg gjer seg til talsmann for med sitt «brev».
Eg trur ikkje på nokon måte at Berg er fascist. Men det er ikkje slik at fascistisk politikk veks ut av ingenting. Ikkje minst treng fascismen nettopp eit verdsbilete, ei førestilling om eit overveldande trugsmål, eit trugsmål som helst bør kome utanfrå og innanfrå samstundes. For mange nyfascistiske rørsler i Europa i dag er det muslimske minoritetar som representerer dette trugsmålet, men også «svikefulle» politikarar. Det er også her vegen mellom Hallgrim Berg og fascismen viser seg å vera sørgeleg kort.
Ein annan nordmann som har late seg inspirera av Littman er den anonyme trønderske essayisten Fjordman. I Noreg er han lite kjend, sjølv om hans gjennomgang av Bat Ye'or sine teoriar blant anna har fått varme tilrådingar på den sentrale innvandringskritiske nettstaden Honest Thinking. Utanlands har han nærast status som profet i enkelte miljø, og han er ein av dei mest kjende tilhengjarane av Bat Ye'or si tese om Eurabia, den hemmelege planen om kolonisering av Europa. Fjordman skriv blant anna for nettavisa Brussels Journal. I midten av mars publiserte han eit manifest, det han kalla «ei europeisk sjølvstendeerklæring», i denne nettavisa. Der heiter det blant anna:
Europearar burde setja i gang eit skatteopprør og demonstrera i kvar einaste større europeisk by til det vert ein slutt på muslimsk innvandring. Me burde arrangera ein Million Man-marsj til Brüssel, til dømes 11. september i år, for å krevja at det paneuropeiske diktaturet kalla den Europeiske Union vert oppløyst.
Fjordman viser til Littman og hennar arbeid, og krev at dei hovudansvarlege for den «eurabiske» politikken må stiljast for retten, sidan dei er skuldige «i eit av dei største svika i den vestlege sivilisasjonen si historie». Multikulturalismen ser han på som «ein anti-vestleg hatideologi brukt som eit instrument for å [...] oppløysa europeisk kultur». Det harmdirrande manifestet vert avslutta med følgjande trugsmål:
Dersom desse krava ikkje vert fullt ut fulgt opp, dersom den europeiske union ikkje vert oppløyst, multikulturalismen ikkje vert avvist og den muslimske innvandringa ikkje vert stogga så har me, Europas folk, ikkje noko anna val enn å konkludera at myndigheitene våre har gjeve oss opp, at alle skattane dei samlar inn er urettvise og at lovene som vert vedtatt utan vår aksept er illegitime. Me vil slutta å betala skatt og ta dei naudsynte stega for å verna om vår eigen tryggleik og sikra vår nasjonale overlevnad.
For folk som godtek Bat Ye'or – Gisele Littman – sitt verdsbilete, som av den britiske journalisten Johann Hari med god grun har vorte samanlikna med verdsbiletet fremma gjennom det anti-semittiske falsknarverket «Sions vises protokollar», er dette kanskje ikkje så ulogiske konklusjonar å trekkja. Fjordman skjuler seg som vanleg bak feig anonymitet, men han skal i det minste ha honnør frå å snakka høgt om dei politiske konklusjonane han har trukke frå Littman sine konspirasjonsteoriar.
Eg håpar Hallgrim Berg tek avstand frå dei, og det sjølv om også han – i sitt amerikabrev – viser til «den kjente bloggeren Fjordman». Gjer han ikkje det vert det enkelt å trekkja konklusjon: Då er det ikkje så farleg for Berg kven han allierer seg med.

Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook






Øyvind Strømmen <oes
Personfokusering
Erik Gunfo-Persson
31. mars 2007