Kjære Amerika
Du er veldig kjent, så du får sikkert mange brev, men eg høyrer du no har fått brev frå hallingdølen og høgremannen Hallgrim Berg. Eg reknar med det ligg langt nede i postbunken din, men sidan dette brevet sannsynlegvis ligg endå lenger ned i bunken, så har du kanskje lest Berg sitt allereie?
Om du ikkje har det, så kan du forsåvidt la vera. Det Berg skriv i brevet sitt er ting du har høyrd før, Amerika, dunkle profetiar og konspirasjonsteoriar av typen som har herja både den europeiske og den amerikanske marknaden i årevis. Du veit, Amerika, at Berg har rota seg inn i litt av ei ideologisk gjørme. Han viser til ”den kjende bloggaren Fjordman”, ein kar som i fullt alvor spør om ”demokratiet er for blautt til å fungera”, ein idé som eg har blitt fortalt at du har lite til overs for. At Fjordman i tillegg gjer feministar – og kvinner generelt – skulda for den vestlege sivilisasjonen sin komande undergang, fordi ”[dei] er meir naive” er eg sikker på at både du og eg, Amerika, reagerer på – me kjenner mange intelligente og engasjerte kvinner, som ikkje let seg plukka på nasen av verken fjordmenn eller skumle skjeggete muslimar.
Den ideologiske gjørma eg snakker om er rikt representert av eit utal forfattarar. Dei har, merkeleg nok, alle til felles at dei ”endeleg snakkar ut”, at dei er "dristige", og at dei trenger gjennom "det politisk korrekte", og gjev ”vanlege folk” ei stemme.
Du har sikkert høyrd om Bat Ye’or, Nilens dotter, Amerika. Gisele Littman, som ho eigentleg heiter, har i si bok om Eurabia levert trehundre tettskrivne sider der ho jaktar gjennom samandrag frå møter og les politiske talar, alt for å finna teikn på ein stor konspirasjon som involverer alle frå professorar i litteratur til sjølvaste Vatikanet.
Eg veit du veit ein del om konspirasjonsteoriar, Amerika. Eg har høyrd mange fantastiske historier om deg.
Denne konspirasjonsteorien er ikkje så forskjellig frå dei andre. Talar og kommentarar frå politikarar vert klipt i bitar og gjeve ei heilt anna meining enn si opprinnelege. Ein konferanse der ein diskuterte korleis ein kunne spreia kjennskap til arabisk språk og kultur – du veit, bøker og slikt – vert gjort til sjølve hjørnesteinen i Komplottet, der ”grunnlaget [vart lagt] for storskala arabisk og muslimsk innvandring til Europa, [med ein visjon om å skapa] ein felles kultur nord og sør for Middelhavet.
Det det kanskje ikkje er nokon som har fortalt deg er at Littman, medan ho i eine augeblikket roser deg, i det neste hyller analysene til ein obskur fransk skribent, Alexandre del Valle? Har du høyrd om han, Amerika? Kanskje nokon av dei franskmennene som liker deg har nemnd namnet hans? Du skjønar, før del Valle oppdaga at frykta for islam sel som varmt kveitebrød hadde han eit anna salstriks og det var anti-amerikanisme. Han skulda deg for å trekkje i trådane for islamsk ekspansjon, mest for pengar og olje si skuld, sjølvsagt, og gav deg skulda for å nytta ”islamsk-nasjonalistiske geriljaer” av typen som drøymer om eit nytt ottomansk imperium i ein anti-ortodoks politikk mot ”land som avviser amerikanske hegemoni”. Han tenkjer blant anna på serbarane. Ja, ikkje berre det, del Valle omtala også ein gamal kjenning av deg, ein viss irakisk diktator, som ein mann som ”freista å skapa tilhøve for filosofisk og vitskapleg opning for den arabisk-islamske verda”. Berre sånn at du veit det, Amerika.
Dette har sjølvsagt ikkje så mykje med Hallgrim Berg å gjera. Men i brevet han skriv til deg låner Berg både herfrå og derfrå, i tillegg til å sausa det saman med komplett kunnskapsløyse som når han set likhetsteikn mellom wahhabiane og ”de islamske sunniane (som) i dag er inne i nær seksti land”. Som både du og eg veit er rundt 85% av verdas muslimar sunniar, Amerika, og å framstilla dei alle som wahhabiane sine ”ideologiske søskenborn” er anten tåpeleg, løgnerisk eller beint fram hatsk.
Amerika, Berg snakkar om ein stor konspirasjon slik også Oriana Fallaci gjorde, det skumlaste komplottet nokon gong, som ho sa, seld gjennom, ”ideologisk bedrag, kulturelt griseri, moralsk prostitusjon og sleipt lureri”. I ei slik verd vert sjølv ufødde barn gjort om til monster. Så lenge dei kjem frå muslimske livmødre.
Mange trur på dette, Amerika. Men få vågar å trekkja politiske konklusjonar. Hallgrim Berg seier han ”er ferdig i politikken” og berre ”skildrar mønster og utviklingstrekk”. Ein av hans lystige, men akk så dystre kollegaer, Mark Steyn røpte imidlertid litt meir i si siste bok ”America Alone”: ”I ein demokratisk tidsalder kan du ikkje snu demografien anna gjennom borgarkrigen. Serbarane fann ut det – slik andre europearar vil finna ut i åra som kjem: dersom du ikkje kan få fleire ungar enn fienden, så lyt du fjerna han”.
Steyn legg sjølvsagt til at ein politikk basert på folkemord ville ”forandra Amerika til det ugjenkjennelege” og at han ville vera fånyttes, men særleg alvorlegare klagemål ser han ikkje ut til å koma opp med mot den serbiske framferda i blant anna Bosnia og Kosovo. Amerika, dette er ikkje så merkeleg. Sjølv om Hallgrim Berg vil ha deg med på laget er de grunnleggjande forskjellige. Berg skriv at han er skeptisk til at Statistisk Sentralbyrå ikkje regnar tredjegenerasjonsinnvandrarar som ein del av innvandrarbefolkinga. Hjå deg, Amerika, får folk lov til å bli amerikanarar.
Og sjølv om eg kanskje synest han har falma litt heng plaketten med Emma Lazarus sitt dikt framleis på Fridomsstatua:
"Not like the brazen giant of Greek fame,
With conquering limbs astride from land to land;
Here at our sea-washed, sunset gates shall stand
A mighty woman with a torch, whose flame
Is the imprisoned lightning, and her name
Mother of Exiles. From her beacon-hand
Glows world-wide welcome; her mild eyes command
The air-bridged harbor that twin cities frame.
"Keep ancient lands, your storied pomp!" cries she
With silent lips. "Give me your tired, your poor,
Your huddled masses yearning to breathe free,
The wretched refuse of your teeming shore.
Send these, the homeless, tempest-tost to me,
I lift my lamp beside the golden door!"
Difor, kjære Amerika, veit eg at du ikkje lytter til Berg. Eg er meir uroa for mor di.
Med venleg helsing
Øyvind Strømmen

Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook






Øyvind Strømmen <oes
common sense
Håvard Simensen
28. februar 2007