Opprørske parasittar
Dette er ein kommentar med synsing og peikarar til andre nettsider. Med andre ord: ein bloggpost. Utfordrer slikt midtstraumsmedia? Er håpet ute?
Reaksjoner på denne kommentaren:
- Blogging er drit (Hjorthen)
- Politisk blogging, i Noreg og utlandet, er rein drit (Per Aage Pleym Christensen)
- Midtstrømsmedia eksisterer ikke (Typisk Tor Andre).
- Ein røynd bloggar talar ut (Fjordfitte)
- Skrive skrive (Cum grand salis)
- Jeg vil ikke ha bloggere som skriver som journalister (Beates rasteplass)
Debatt- og kronikkredaktør Knut Olav Åmås i Aftenposten kom i midten av august i skade for å seia at bloggarane si rolle er oppskrytt, hypa som det heiter på nynorsk, og at bloggarane ikkje utfordrer «autoritære offentlegheitsregime». Dette fekk sjølvsagt eit par bloggarar til å ha det moro med å slå i bordet og peika på dei dumme debattane i media. Sjå på debatten om kor vidt Shabana Rehman er ei kokosnøtt! Eller ta ein titt på debatten om kvifor kvinner får gje ut mange bøker!
Det var sjølvsagt ikkje så mange som fekk med seg desse kritiske innlegga, og grunnen til det er at Åmås har rett når han seier at sjølv dei viktigaste vert lest berre av nokre få. Nokon fleire såg sikkert Heidi Nordby Lunde sitt svarinnlegg, der ho skreiv at blogging var både overhypa og undervurdert, og i tillegg kom med standardsvaret til folk i media som skriv om blogging: dei har manglande forståelse for fenomenet. Om ikkje hadde dei jo skjøna at bloggarane eigentleg er ein liten hær av davidar, som står ovanfor dei etablerte goliatane, mediahusa, og som saman utfordrar dei og at makta på den måten er flytta frå ei lita gruppe profesjonelle og inn i hendene på tusenvis av amatørar.
Hadde det berre vore så vel. Hadde berre bloggarane vore små davidar, som kasta stein i hovudet på midtstraumsmedia. Hadde dei berre representert eit alternativ til midtstraumsmedia, som – i fylgje mange politiske bloggarar – fokuserer på uviktige saker, vrir på sanninga i dei viktige sakene og dessutan sym i flokk. Hans Rustad på document.no har jamvel framstilt bloggarane som eit slags nytt 68-opprør, ein protest mot etablissementet:
Opprørskheten, ønsket om å ryste og protestere mot en løgnaktig fremstilling av virkeligheten har de til felles. Det morer en smule at to så forskjellige retninger er beslektet. Men dagens virkelighet er hardere.
Rustad, som driv den populære bloggen / nettavisa document.no, har i årevis skrive ting som har vore kritisk til islam. Sjølv om han i blant passar på å trekkja skiljeliner mellom ulike forståingar av islam, er det ikkje akkurat kvar gong. Blair-regjeringa har vorte skulda for å «leggja seg flat» for å halda seg inne med muslimske veljarar, og muslimar «seier dei vil ha dialog, men over bruene dei ynskjer seg, går trafikken i berre ei retning». Han har snakka varmt om Oriana Fallaci sine anti-islamske makkverk, der det blant anna heiter at det berre finst ein islam, ei hengemyr me (Europa) er i ferd me å drukna i. Men at nokon skulle finne på å kalla han og "Selskapet" for anti-islamsk? Måtte Gud forby! Det er leninisme! Finn Graff er ein stympar! Thomas Hylland Eriksen ekstrem og farleg! Kåre Willoch ein silkeramp som lefler med antisemittisme!
Eg er ikkje redd for språket. Dersom Rustad faktisk meiner alt dette, og ikkje berre slenger rundt seg med store, velklingande ord, får han seia kva han vil. Ja, det er nesten så eg håpar på å sjølv få slengt nokre velvalde skjellsord etter meg.
Verre er det at Rustad ikkje tåler at Anders Giæver i VG ymtar framom om at ein kanskje får tåla steiken om ein er med på leiken... Giæver går faktisk til åtak på sjølve ytringsfridomen. Den arrogansen Rustad her framviser, overgår langt ymse tabloidjournalistar sine våte fantasiar om at dei står på for ytringsfridomen når dei skriv artiklar som trampar langt inn i privatlivet til folk som er uheldige nok til å ha vore på TV. Diverre er ikkje dette noko uvanleg for bloggosfæra. Heidi Nordby Lunde, som bloggar som Vampus, hadde det nyleg moro med at Dagbladet trykker Robert Fisk-artiklar, «notorisk kjend for å blanda saman fakta, meiningar og kritikk». Ja, fy skamme seg, Fisk... tenk å blanda saman fakta, meiningar og kritikk – det gjer bloggarar aldri!
Åmås sitt spark, eit sidespor i ein artikkel som elles handla om anonyme nettdebattantar, er berre eit av fleire døme på at journalistar har slege attende mot bloggiverset. Dei vier sjeldan bloggarane, som stort sett skriv om katten sin, noko særleg merksemd, det er dei politisk bloggarane som får gjennomgå. Desse har blant anna blitt kritisert for manglande kjeldekritikk, manglande nyansering, manglande kunnskaper, grove forenklingar og faktafeil. I blant har dei simpelthen vorte kritisert for å vera reaksjonære. Haha, seier bloggar, sjå berre på dei dumme debattane som vert ført i Dagbladet. I blant vert kritikken berre ledd av, fordi den kjem frå folk som kanskje har eitt og anna å læra sjølv når det gjeld kjeldekritikk, nyansering og faktasjekking.
Frå min ståstad er det lita tvil om at det aller meste som vert levert av politisk blogging, i Noreg og i utlandet, er rein drit. Bloggarar skriv på impuls, og legg ut ting som neppe har vore særleg reflekterte, og gjerne basert på manglande – eller jamvel fråverande – kunnskap. Og før nokon skuldar meg for å mangla innsikt i fenomenet. Dette seier eg også av eiga erfaring, eg har falle i fella sjølv, skrive i affekt og hamra laus mot Dagfinn Høybråten. Mannen fortente det ikkje i det heile. Åtaket mitt var retta mot feil person. Eg hadde simpelthen lest feil. Eg hadde drive parasittverksemd på midtstraumsmedia, og eg hadde ikkje ein gong skjøna det eg las. Eg skulle ynskja eg var den einaste, men diverre: eg var verken fyrst, sist eller eineståande. Ein annan sak er at kjeldekritikken ofte er nær fråværande i bloggiverset, ei kjelde som kan underbyggja eige syn, vert omsynslaust brukt, jamvel om det er ei sekundærkjelde, som siterer ei anna kjelde ein sjølv kunne ha sjekka ut, og kome til motsett konklusjon frå. Ein tredje ting: Politiske bloggarar sym i stim like mykje som midtstraumsmedia. Dei skriv om det same, siterer kvarandre og er sjeldan originale og sjeldan nyskapande. Ofte er dei simpelthen gørr kjedelege. Bloggpostar er ofte ikkje anna enn nokre sitat frå ein annan bloggar og nokre få halvkveda vers skrive av bloggar nummer to, og alt saman handlar om noko som stod i avisa allereie for fleire dagar sidan. Det største problemet med bloggarar er at dei i all hovudsak er parasittar.
Unntaka ligg for dagen. Dei bloggarane som er meir interessante enn bloggiverset generelt er det som regel fordi dei skriv om noko dei har greie på – gjerne noko dei har betre greie på enn folk som skriv om det same i avisene. Det kan vera personlege erfaringar. Det kan vera sosialantropologi. Det kan vera så mangt.
Teknologisk sett ligg ting til rette for dei små davidane. Internett har gjort det enklare å få ut ein bodskap. Trykkefridom er berre garantert for dei som eig eit trykkeri, sa ein glup kar ein gong. I våre dagar er det lettare å eiga eit trykkeri enn det har vore nokon gong før. Men davidane utnytter ikkje dette. Dei viktigaste arbeidsverktøya deira er ikkje pennen, blokka og kameraet, ikkje langvarig og grundig research, ikkje intervju. Det er Google. Blogging vert i blant framstilt som borgarjournalistikk. Men blogging er ikkje journalistikk.
Blogging er det denne kommentaren er: synsing. Med nokre linker.
Det tyder ikkje at håpet er ute for dei som vil utfordra ei mediaverd som stadig sit på færre hender. Ikkje-journalistar har ei rolle å spela i journalistikken, og teknologien ligg meir og meir til rette for det. Publikum kan bli produsent. Slik kan journalistikken verta breiare, og slik kan myta om den objektive journalistikken verta drept ein gong for alle: journalistikk er på sitt beste når den som skriv faktisk bryr seg, og vedgår det. Men berre gjennom å ta i bruk journalistiske metodar kan ein – på sikt - laga ei blanding av fakta og meiningar som både er ærleg og interessant.

Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook






Øyvind Strømmen <oes
Opprørske eller parasitter?
VamPus
02. september 2006