Ei forteljing om Europa
EU treng sårt å skapa ei ny forteljing om seg sjølv. Ei gamaldags, episk historie eller ei euromyte er ikkje lenger nok. Kva med ei sann og sjølvkritisk historie, vevd rundt seks mål?
Europa har mista tråden. Me nærmar oss femtiårsdagen for Roma-traktaten 25. mars 2007, og med femtiårsdagen for det europeiske økonomiske samarbeidet som vart til EU, og Europa veit ikkje lenger kva for historie ho vil fortelja. Ei felles politisk historie heldt liv i etterkrigsprosjektet for (vest-)europeisk integrasjon i tre generasjonar, men har vorte knust etter at den kalde krigen tok slutt. Europearar flest har i dag inga aning om kvar me kjem frå, og me deler i endå mindre grad ein visjon om kvar me er på veg. Me veit ikkje kvifor me har EU, og ikkje veit me kva unionen er godt for. Difor treng me sårt ei ny forteljing.
Eg føresler at den nye forteljinga vår må vevast frå seks trådar, der kvar og ein representerer eit felles europeisk mål. Trådane er fridom, fred, lov, framgang, mangfald og solidaritet. Ingen av desse måla er unike for Europa, men dei fleste europearar vil seia seg einig at det er karakteristisk for Europa å streva etter dei. Resultata våre er ofte langt unna målsetjingane. Det er også ein del av den nye forteljinga, og han må koma til uttrykk. Europa av i dag burde også ha kapasitet til stadig sjølvkritikk.
I dette forslaget vil ikkje identiteten vår verta konstruert på same måten som den historiske europeiske nasjonen, ein gong spøkefullt definert som ei gruppe folk sameint av eit felles hat til naboane og delte misforståingar om historia. Me bør ikkje ein gong prøva å fortelja historia om Europa på ny som ein målretta prosess og i den mytologiske forma til nittenhundretalet sine nasjonsbyggande historier. Det vil ikkje koma noko godt ut av ei slik poetisk myte («frå Karl den store til euroen») og forteljinga vil uansett ikkje virka. Historikaren Ernest Renan definerte briljant nasjonen som eit samfunn med delte minner og delt minnetap, men det ein nasjon ynskjer å gløyma, ynskjer ein annan å hugsa. Jo fleire nasjonar det er i EU, jo meir mangfaldig vert familien av nasjonale minner, og jo vanskelegare vert det å konstruera delte myter om ei felles fortid.
Vår kjensle av europeisk fellesskap bør heller ikkje oppnås gjennom negative stereotypiar om ein fiende eller om «den andre» (i sjargongen til identitetsstudiar), slik det å vera britisk til dømes vart oppkonstruert i det attande og nittande hundreåret i kontrast til ein stereotypi av Frankrike. Etter at det sovjetkommunistiske «Aust», som Vest-Europa definerte seg sjølv i kontrast til frå seint i førtiåra til i 1989, har nokre politikarar og intellektuelle freista å finna ein ny «annan» i anten USA eller i islam. Desse forsøka er tåpelege og sjølvøydande. Dei deler europearar frå kvarandre i staden for å sameina dei. Både negative stereotypiar av andre og myteskaping om vår eiga kollektive fortid er typisk for det eg vil kalla euronasjonalisme, eit forsøk på å gjenta nasjonalistiske metodar for å byggja ein politisk identitet på europeisk nivå.
I dette forslaget er Europas einaste «andre» hennar tidlegare sjølv, meir spesifikt dei ulukkelege, sjølvdestruktive og tidvis barbariske kapitla i historia til europeisk sivilisasjon. Med uavhengigheitskrigane i Jugoslavia og folkemordforsøket i Kosovo strekkjer denne ulukkelege historia seg heilt til det siste året i førre hundreår. Historisk kunnskap og medvit spelar ei sentral rolle, men det må vera ei ærleg historie, ei historie som viser alle rynkene og ikkje ei mytisk historie.
I kontrast til mykje tradisjonell EU-ropeisk diskurs, er verken sameining eller makt her rekna som definerande mål for det europeiske prosjektet. Sameining, nasjonal eller kontinental, er ikkje eit mål i seg sjølv, berre eit middel til å nå høgare mål. Det same gjeld makt. EU treng større maktkapasitet, særleg i utanrikspolitikken, for å kunna verja om interessene våre og for å kunna nå gode mål. Men det å sjå på europeisk makt, l'Europe puissance, som eit mål i seg sjølv eller som ynskjeleg berre for å matcha makta til USA, er euronasjonalisme og ikkje europeisk patriotisme.
Difor er vår nye forteljing ei ærleg, sjølvkritisk historie om framgang (høgst uperfekt framgang, men framgang likevel) frå forskjellige fortider og mot samla mål som kan utgjera ei felles framtid. Desse måla kan ikkje fullt ut oppnåast (det finst ikkje noko perfekt fred eller fridom, i det minste ikkje på jorda), men felles strev i deira retning kan i seg sjølv binda saman eit politisk fellesskap. Det som følgjer her er nokre notat rundt formuleringa av ei slik historie, med innebygd sjølvkritikk. Det er eit røft fyrsteutkast, som det er opp til andre å kritisera og omarbeida. Dersom noko langs desse linene ikkje har appell til mange nok europearar, er det ikkje nokon grunn til å halda fram. Har dette ein appell, er det kanskje det.
Fridom
Europa si historie gjennom dei siste 65 åra er ei historie om spreiande fridom. I 1942 var det berre fire utsette frie land i Europa: Storbritannia, Sveits, Sverige og Irland. Innan 1962 var storparten av det vestlege Europa fritt, med unntak av Spania og Portugal. I 1982 hadde den iberiske halvøya slutta seg til dei frie landa, det hadde også Hellas, men storparten av det me då kalla Aust-Europa var under kommunistisk diktatur. I dag er det berre eit stygt lite autoritært regime igjen blant land som definitivt kan kallast europeiske, og det er Kviterussland. Dei fleste europearar lever i dag i liberale demokrati. Det har aldri før hendt, ikkje på 2500 år. Og det er det verdt å feira.
Eit fleirtal av EU sine noverande medlemsstatar var i nyleg historie diktatur. Presidenten i Italia, Giorgio Napolitano, hugsar godt Mussolini sitt fascistiske regime. Leiaren for Europakommisjonen, José Manuel Barroso, vaks opp under Salazar sitt diktatur i Portugal. Sjefen for EU sin utanrikspolitikk, Javier Solana, hugsar korleis han måtte unngå general Franco sitt politi. Elleve av dei 27 statsleiarane som vil samla seg rundt bordet i det europeiske råd i vår, inklusiv den tyske kanslaren Andrea Merkel, var undersåttar av kommunistiske diktatur for mindre enn tjue år sidan. Dei veit kva fridom er fordi dei veit kva ufridom er.
Folk som levde under diktatur ønskte å vera fri fordi dei ønskte å vera fri, og ikkje fordi dei ville vera EU-ropearar. Men vona om å bli med i det som i dag er EU, har oppmoda land etter land, frå Spania og Portugal årevis attende til Kroatia og Tyrkia i dag, til å gjera politiske, økonomiske og juridiske endringar der heime, så vel som å endra media og samfunnet sjølv. EU er ein av dei mest effektive pådrivarane for fredeleg regimeendring som nokon gong har eksistert.
Manglar. Ser ein nærare etter, oppdagar ein at mange av Europa sine nyare demokrati har alvorlege manglar. Særleg i det søraustlege Europa er høg korrupsjon eit problem, men det er på ingen måte berre tilfelle der. Pengar har for mykje å seia i politikken, i rettsvesenet og i medieverda i dei etablerte demokratia våre også, på same vis som dei spelar ei for stor rolle i USA. Uavhengig av teoriar er rike europearar friare enn dei fattige. EU er ein framifrå katalysator for demokratisk endring, men er i seg sjølv ikkje særleg demokratisk. EU-reglar vert grunngjeve med Roma-traktaten sine «fire fridomar», fri flyt av varer, menneske, tenester og kapital, men desse reglane kan i seg sjølv bryta inn i enkeltmennesket sin fridom. Og i alle høve kan ikkje EU ta heile æra: USA, NATO og Organisasjonen for Tryggleik og Samarbeid i Europa har også spela viktige roller i å sikra europearar sin fridom. Inntil nyleg var individuelle menneskerettar og borgarfridom noko som hadde meir med Europarådet og den tilhøyrande europeiske domstolen for menneskerettar enn med EU å gjera.
Fred
I hundrevis av år var Europa ei slagscene. I dag er scena fredeleg. I staden for å måla nasjonal styrke på slagmarka, vert ho målt på fotballbana. Konfliktar mellom europeiske land vert løyst i endelause forhandlingar i Brussel, og ikkje gjennom væpna konfrontasjon. EU er eit permanent, institusjonalisert, konfliktløysande system. Dersom du er lei av Brussel sitt konstante kjas, bør du tenkja over kva som er alternativet. Det kan vera du ser det som utenkjeleg at franskmenn og tyskarar nokon gong skulle finna på å sloss mot kvarandre igjen, men serbarar og albanarar drap kvarandre dagen før i førgårs. Du kan ikkje utelukkande basera deg på godvilje for å skapa fred i Europa. Dette er kanskje eit gammalt og velkjend argument for europeisk integrasjon, men det gjer det ikkje mindre sant. Nokon gongar er dei gamle argumenta dei beste.
Manglar. Me kan ikkje bevisa at det var europeisk integrasjon som sytte for at freden heldt i det vestlege Europa etter 1945. Nokon vil hevda at det heller var NATO og den kalde krigen sitt hegemoniske system, med USA fungerande som eit «pasifiserande» element. Andre vil peika på det faktum at Vest-Europa hadde vorte ei sone av liberale demokrati, og liberale demokrati går ikkje til krig mot kvarandre. Fleire ting hende samstundes og historikarar kan diskutera kva vekt kvar av desse har i høve dei andre. Sentral- og Aust-Europa levde uansett ikkje i fred etter 1945, tenk berre på dei sovjetiske panservognene som rulla inn i Aust-Berlin, Budapest og Praha, og på «krigstilstanden» erklært i Polen i 1981. Europa, både i tydinga EU og i breiare forstand, representert ved dei etablerte demokratia, mislukkast også i å hindra at det på ny braut ut krig på kontinentet etter den kalde krigen. To gongar måtte det eit amerikansk inngrep til for å stoppa krig på Balkan. Så kva er me så stolte over?
Lov
Dei fleste europearar lever i det som for det meste er rettsstatar. Me har fastlagde menneskerettar og sivile rettar, og me kan gå til retten for å forsvara desse. Dersom me ikkje oppnår det me vil i lokale og nasjonale domstolar, kan me også ty til europeisk rett, inklusiv den europeiske menneskerettsdomstolen. Kvinner og menn, rike og fattige, svarte og kvite, heteroseksuelle og homoseksuelle er alle like for lova. I det store og heile kan me gå ut frå at politiet er der for å verja oss, heller enn for å fremma interessene til dei som sit med makta, for å gjera arbeid for den lokale mafiaen eller for å fylla eigne lommer. Me gløymer kor uvanleg dette er. I storparten av europeisk historie levde dei fleste europearar ikkje i verkelege rettsstatar. Minst to tredjedelar av menneskeheita gjer det heller ikkje i dag. «Eg har ein pistol, så det er eg som avgjer kva lova er», sa ein afrikansk politimann ved ei vegsperring til ein journalist eg kjenner, før han putta den vilkårlege «bota» i eiga lomme.
EU er eit samfunn basert på lover. Roma-traktaten og seinare avtaler har vorte gjort om til ei slags grunnlov gjennom arbeidet til europeiske domstolar. Ein akademikar har skildra EF-domstolen som «det mest effektive overnasjonale juridiske system i verdshistoria». Europeisk lov står over nasjonal lov. Sjølv dei sterkaste regjeringane og storkonserna må til slutt bøya seg for avgjerslene til dei europeiske dommarane. Kvifor har dei leiande europeiske fotballaga mange spelarar frå andre land? På grunn av ein dom frå EF-domstolen frå 1995. Det er takka vera juridisk oppbakking av europeisk lovgjeving rundt dei «fire fridomane» at dei fleste europearar no kan reisa, handla, bu og arbeida der dei vil i storparten av Europa.
Manglar. I praksis er nokon likare enn andre. Sjå berre på Silvio Berlusconi. Det er også store hol med lovlause tilstandar, spesielt i det austlege og søraustlege Europa. I etablerte demokrati har tryggleikstiltak, inkludert fengsling utan dom, vorte trappa opp og resulterer i overtramp i høve sivile rettar, alt i «krigen mot terror» sitt namn. At europeisk lov står over nasjonal lov er også sjølvsagt nettopp det euroskeptikarar, særleg i Storbritannia, hater. Dei ser på dette som å ta makt i frå dei demokratiske valde parlamenta i uavhengige statar.
Framgang
Dei fleste europearar har det materielt betre enn sine foreldre, og mykje betre enn sine besteforeldre. Dei bur i meir komfortable, varmare og tryggare heimar, et betre og meir variert mat, har høgare inntekter og meir interessante feriar. Me har aldri hatt det så godt. Ta ein titt på Henri Cartier-Bresson si fantastiske fotobok, «Europeans», og du vil verta påminna om kor fattige mange europearar framleis var i femtiåra. Dersom du fargelegg landa på eit verdskart ut frå brutto nasjonalprodukt per person, vil du sjå at Europa er eit av dei rikaste områda i verda.
Manglar. Bond Street og Kurfürstendamm er ikkje typiske for Europa. Det er framleis lommer av skammeleg fattigdom, sjølv i dei rikaste landa i Europa, og i aust er det nokre veldig fattige land. Det er også vanskeleg å fastslå kor mykje av denne framgangen som er takka vera EU sin eksistens. I boka «Europe Reborn» viser økonomihistorikaren Harold James ein graf som fortel korleis BNP per innbyggjar vaks i Frankrike, Tyskland og Storbritannia gjennom heile det tjuande hundreåret, med djupe hakk ved dei to verdskrigane, som me kom oss frå gjennom hurtig etterkrigsvekst. Sett under eitt var framgangen om lag den same i fyrste halvdel av hundreåret, då me ikkje hadde den europeiske unionen, som i andre halvdel, då unionen var der. Den viktigaste grunnen til denne veksten, meiner James, er utvikling og bruk av teknologi. EU sin fellesmarknad og konkurransepolitikk har nesten sikkert hjelpt til med å styrka framgangen. CAP (EU sin felles jordbrukspolitikk) og ekstrakostnader knytt til EU-reglar og sosialpolitikk har ganske sikkert ikkje. Land som Sveits og Norge har gjort det bra utanfor EU. I alle høve er stortida for europeisk vekst lagt bak oss for lenge sidan. Førre tiår vaks dei mest utvikla europeiske økonomiane seinare enn USA sin og mykje seinare enn økonomiane til Asia sine komande gigantar.
Mangfald
I eit essay kalla «Blant eurofeigingane» klaga den amerikanske komikaren PJ O'Rourke ein gong over dei mange «teite små landa» i Europa. «Sjølv språka er knøttsmå», stønna han, «nokon gongar treng du både to og tre berre for å klara deg fram til lunsj». Men det er nettopp dette eg elskar ved Europa. Du kan nyta ein kultur, ein by, eitt presseorgan og ein mattradisjon om morgonen og – med ei kort reise med fly eller tog – ein annan same kveld. Og endå ein neste dag. Og når eg seier «du» så meiner eg ikkje berre ei lita elite. Studentar som reiser med easyJet og polske rørleggarar på nattbussar kan også nyta godt av det.
Europa er eit innfløkt, mangefarga lappeteppe. Kvar nasjonal (og undernasjonal) kultur har sine eigne spesialitetar og kvalitetar. Kvart knøttvesle språk avslører ein litt annleis måte å leva og tenkja, vakse fram gjennom hundrevis av år. Britane seier «what on earth does that mean?», medan tyskarane spør «was im Himmel soll das bedeuten», dette er filosofisk empirisme og idealisme fange i ei kvardagssetning. Awantura på polsk skildrar ei stor og bråkete krangel, som likevel, i all løyndom, er ganske fornøyeleg. Bella figura på italiensk er ei frase som ikkje let seg omsetja om korleis ein mann eller ei kvinne skulle ynskja å vera i selskap med andre menn og kvinner.
Dette er ikkje berre mangfald, det er fredeleg, kontrollert og velgjødsla mangfald. Amerika har rikdom og Afrika variasjon, men berre Europa kombinerer slik rikdom og slik variasjon på sånt eit lite område.
Manglar. Dette er den tråden eg finn minst rimeleg kritikk ovanfor. Euroskeptikarar skildrar EU som ei homogeniserande kraft, som tvinger vekk gammaldagse nasjonale spesialitetar, som handlage italiensk ost (med deileg skit frå hendene på kjøpet) eller britisk kjøt og øl målt i imperiet sine pund og pints. Men eksempla er ikkje så mange, og for kvart tilfelle av gamaldags mangfald EU-reguleringar set ein stoggar for, dukkar to nye eksempel på mangfald opp, frå Caffé Nero på ei britisk hovudgate til den billege weekendturen til Praha. Europeiseringa er ein mykje mindre homogeniserande variant av globalisering enn det amerikanisering er.
Solidaritet
Er ikkje dette det mest karakteristiske trekket ved dagens Europa? Me meiner at økonomisk vekst må krydrast med sosial rettferd, den frie marknaden vegast opp med sosial tryggleik – og me har europeiske lover og nasjonale velferdsstatar for å syta for at det vert slik. Europa sine sosialdemokratar og kristendemokratar er einige om at marknadsøkonomi ikkje må tyda marknadssamfunn. Her skal det ikkje vera noko amerikanskaktig, sosialdarwinistisk, kapitalistisk jungel, der dei fattige og dei svake vert etterletne i grøftekantane.
Me trur også på solidaritet mellom rike og fattigare land og regionar innan EU, noko EU-fonda, som har kome land som Irland og Portugal til gode dei siste to tiåra, viser tydeleg. Og me trur på solidaritet mellom det rike nord i verda og det fattige sør, noko som vert demonstrert av sjenerøse budsjett til utviklingshjelp både nasjonalt og på EU-nivå og gjennom vårt arbeid for å stagga den globale oppvarminga, som i særleg grad vil ramma folk blant verdas fattigaste.
Manglar. Det er her det verkelege Europa mest brutalt kjem til kort. Det finst betydeleg sosial tryggleik, sytt for av staten, i dei rikare europeiske landa, men sjølv i våre rikaste byar har me framleis tiggarar og heimlause med harde netter. I dei fattigare landa i det austlege Europa eksisterer velferdsstaten stort sett berre på papiret. Å vera fattig, gammal og sjuk i Europa sitt Ville Austen er ikkje noko meir behageleg enn å vera fattig, gammal og sjuk i det amerikanske Ville Vesten. Ja visst var det store overføringar til land som Portugal, Irland og Hellas, men dei som i dag vert gjeve til dei nye medlemsstatane i EU, er mykje mindre. I perioden 2004-06, bidrog dei «gamle» 15 medlemslanda med i gjennomsnitt 26 euro per innbyggjar per år til EU-budsjettet for utvidinga, så vår transeuropeiske solidaritet kostar det same som ein kopp kaffi kvar månad. Når det gjeld solidaritet med resten av verda, kjem EU på topp av Oxfam si liste når det gjeld hykleri, ei liste som måler proteksjonistisk praksis i nord. Vår landbruksproteksjonisme er like gal som andre sin, og EU er, saman med USA, ansvarlege for den skammelege utsetjinga av Doha-runden i verdshandelssamtalane.
Dette er, gjentek eg, berre notat i retning ei ny europeisk forteljing. Kanskje må me leggja til eller ta vekk eit tema eller to. Så må me få kjøt på beina. Folkeleg tilslutnad vert ikkje skapt gjennom ei liste med seks abstrakte substantiv, og folkeleg entusiasme i endå mindre grad. Alt kjem an på personane, hendingane og anekdotane som gjev liv og farge til historia. Desse vil variera frå stad til stad. Historiene om europeisk fridom, fred og mangfald kan og må forteljast på ulikt vis i Warszawa og i Madrid, på høgresida og på venstrekanten. Det treng ikkje vera noko ferdig pakke av denne historia, som passar til alle, ikkje noko forteljing tilsvarande rentesatsen i eurosona. Det å tvinga fram einskap i lovsong til mangfaldet, ville i seg sjølv vera ei motsetjing. Likevel, med den same beinstrukturen i botn, vil dei utfylde forteljinga fortald på finsk, italiensk, svensk og fransk ha familielikskap med kvarandre, slik også europeiske byar har det.
Vevd saman kan dei seks trådane utgjera ei forteljing om kvar me kjem frå og ein visjon om kva retning me ynskjer å gå i. For meg er dei mest inspirerande historiene dei som handlar om fridom og mangfald. Dei andre vedkjenner eg med hovudet, men det er desse to som får hjarta mitt til å slå sterkare. Dei er grunnen til at eg seier, utan overdriving, at eg elskar Europa. Ikkje på same måten som eg elskar familien min, for det er sjølvsagt ingenting som kan måla seg med det. Ikkje på same måten som eg elskar England, sjølv om eg kjem nært på regnfulle dagar. Men det er ein meiningsfull måte eg kan seia at eg elskar Europa på, og med andre ord at eg er ein europeisk patriot.
Vår nye europeiske historie vil aldri skapa den slags glød karakteristisk for nasjonalstaten før 1914. Dagens Europa er ikkje lenger slik. Heldigvis. Vårt prosjekt treng ikkje og ynskjer ikkje ein gong slike brennande kjensler. Det å vera europeisk, blir verande ein sekundær og kaldare identitet. Europearar i dag vert ikkje bede om å døy for Europa. Dei fleste av oss vert ikkje ein gong bede om å leve for Europa. Alt som trengs er at me let Europa leva.
For å diskutera dette forslaget, gå til www.europeanstory.net
Artikkelen er skrive av den velkjende britiske forfattaren og akademikaren Timothy Garton Ash, som blant anna har skrive boka «Free World». Depesjer har fått løyve til å gje att artikkelen, som fyrst var publisert på engelsk i magasinet Prospect. Omsetjinga er gjort av Øyvind Strømmen. Vil du kommentera debatten på norsk? Skriv på borgerjournalistene.org eller send ditt bidrag til depesjer.

Logg inn


Borgerjournalistene.org
Marijkes
Kronologisk nyhetsoversikt
RSS-kanaler
Faktabasen
Tankespinn
Om Depesjer
Annonsørinformasjon
Ansvarsfraskrivelse
Link til Depesjer
Depesjer på Facebook






Timothy Garton Ash <gjesteskribent